Biden skal møte paven

President Joe Biden skal i audiens hos pave Frans i Vatikanet den 29. oktober, skriv Det kvite hus på sine heimesider.

Biden, som er den andre katolske presidenten i amerikansk historie, drar saman med kona Jill til Roma om to veker.

I ei pressemelding skriv Det kvite hus at presidenten og paven mellom anna skal diskutere koronapandemien, handtering av klimakrisa, samt omsorg for dei fattige.

Pave Frans 11. juli 2021
Foto: Alessandra Tarantino / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no