Hopp til innhold

Aasrud ny parlamentarisk leiar

Arbeidarpartiets stortingsgruppe har godkjent regjeringsplattforma til Ap og Sp.

– Det blei ein lang og varm applaus, og den trur eg avgjorde at det var samrøystes støtte. Eg blei veldig glad for det. Tilbakemeldingane er at dei kjenner seg igjen i politikken, seier påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre.

Plattforma skal presenterast på Hurdalsjøen hotell klokka 14.

På møtet blei også Rigmor Aasrud valt til Aps nye parlamentariske leiar, og Terje Lien Aasland blir parlamentarisk nestleiar. Aasrud har representert Oppland på Stortinget sidan 2009.

– Jobben vår blir å få fleirtal i Stortinget for det regjeringa foreslår, og forhandle fram løysingar som er akseptable, seier Aasrud, som legg til at det vil vere naturleg at dei søker støtte hos SV.

Frå før er det kjent at Marit Arnstad blir Sps parlamentariske leiar.

Jonas Gahr Støre og Rigmor Aasrud
Foto: Mats Rønning / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no