Det er sterke reaksjonar på møtet i Vestland Arbeidarparti i Bergen laurdag.
Helseminister Jan Christian Vestre fekk hard kritikk frå eigne rekker.
– Mange føler seg dolka i ryggen. Eg veit ikkje om vi kan tilgi, sa Jon Rune Ugulen Kristiansen frå Bjørnafjorden Ap.
Henriette Mori Lien, også frå Bjørnafjorden, sa ho hadde gledd seg til å feire valresultat og statsbudsjett, men at det ikkje blei slik.
– Unnskyldninga frå Jonas og Jan Christian er både riktig og nødvendig. Men denne gongen er det ikkje nok. Det må visast i handling, sa ho.
Bakgrunnen er regjeringa sitt statsbudsjett, som inneheld kutt i valkamplovnader om gratis ferjer og støtteordningar for unge i distrikta.
Mange i partiet meiner dette er eit svik mot Vestlandet.