1000 personar over Marokko-grensa

Spanske myndigheiter opplyser at 1000 personar, rundt 300 av dei mindreårige, tok seg over grensa frå Marokko måndag. Ifølgje myndigheitene tok fleire migrantar seg inn i den spanske enklaven nord i Afrika ved hjelp av gummibåtar. Andre svømde forbi moloen, som strekkjer seg fleire meter ut i Middelhavet, for å koma seg over grensa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no