Hopp til innhold

Stoltenberg: – Ønskjer ikkje å politisere

– Amerikanske styresmakter er vel kjent med reglane rundt det norske pensjonsfondet. Vi har gjort greie for dette fleire gonger før, seier finansminister Jens Stoltenberg.

Dagen etter Arbeidarpartiet sin valsiger, får Stoltenberg spørsmål frå Bloomberg om det som har blitt ei betent sak: at oljefondet har selt seg ut av amerikanske Caterpillar.

Fleire republikanske senatorar har opna for visumnekt og høgare toll på norske varer, som ein reaksjon på nedsalet.

– Vi ønskjer ikkje å politisere den typen enkeltavgjerder, vi ønskjer å halde fram med systemet som gjer at vi kan ha eit stort investeringsfond kor halvparten er investert i USA, seier Stoltenberg.

Jens Stoltenberg snakker i mikrofoner
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no