Hopp til innhold

Lagmannsretten: Ikkje bevis for at staten handla aktlaust i Nav-skandalen

Borgarting lagmannsrett har avgjort ei sak der tre personar fekk feilaktige vedtak om stopp og tilbakebetaling av arbeidsavklaringspengar fordi dei oppheldt seg i eit anna EØS-land. To av dei har sona fengselsstraffer for trygdesvindel.

Dei to som har vore i fengsel fekk tidlegare utbetalt 200.000 og 250.000 kroner i erstatning. Retten meinte dei ikkje har krav på meir erstatning. Den tredje personen fekk ingen erstatning.

Retten avviste at det var brot på Grunnlova og internasjonale menneskerettar, men sa at nokre rettar var krenka for dei to som har vore i fengsel.

Likevel meinte retten at dei ikkje har rett til meir erstatning enn det dei allereie har fått.

Retten fann ikkje bevis for at staten handla med vilje eller grov aktløyse i denne saka.

Fleire tusen trygdemottakarar som tok med seg norske trygdeytingar til utlandet, har vorte feilbehandla av Nav, i den såkalla Nav-skandalen.

Mange vart òg dømde til fengselsstraff. Årsaka er at Nav har feiltolka EØS-reglane.

Marianne Evensen og Rune Halseth.

Får ikke høyere oppreisning fra staten etter trygdeskandalen

Nav-ofrene får ikke høyere oppreisning fra staten etter trygdeskandalen, ifølge en dom i Borgarting lagmannsrett. Nå vurderer de å anke saken til Høyesterett.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no