Fire drepne i droneangrep mot gassanlegg i Irak
Fire arbeidarar vart drepne i eit droneangrep på gassanlegget Khor Mor i Kurdistan-regionen i Irak fredag, ifølge ei sikkerheitskjelde. Det melder nyheitsbyrået AFP.
Dei fire døde skal vera frå Jemen.
Angrepet var retta mot ein drivstofftank, seier Ramak Ramadan, som er ordførar i Chamchamal-distriktet kor Khor Mor ligg.
Gassanlegget er eigd av Dei sameinte arabiske emirata og ligg i ein region i Irak som er administrert av kurdiske myndigheiter.
Det er enno uklart kven som står bak angrepet.