Hopp til innhold

Kundar må betale kontant på Systembolaget

Kundar får ikkje betalt med kort i fleire av butikkane til Systembolaget i Sverige, melder Aftonbladet.

– Det er nokre terminalar som kranglar, og då må kundane betale med kontantar i staden, seier Sofia Sjöman Waas, som er presseansvarleg i Systembolaget.

Det er uklart kva som er grunnen til problemet, og når det kan vere løyst.

Uvisst om Systembolagets butikkar som ligg nært grensa til Noreg er blant dei som er ramma.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no