Hopp til innhold

Høgsterett: Telefonavlytting i fengsel braut ikkje menneskerettar

Ullersmo fengsel brøyt ikkje ein innsett sine menneskerettar då dei avlytta telefonsamtalane hans. Det slår Høgsterett fast i ein fersk dom.

Mannen sona ein dom for blant anna grov korrupsjon og kvitevasking, og fengselet utførte telefonkontroll i form av sporadisk avlytting av private telefonsamtalar.

Han meinte dette var eit ulovleg inngrep og eit brot på retten til privatliv. Dommen frå Høgsterett slår fast at telefonkontroll er i samsvar med gjeldande lov i norske fengsel, og står ikkje i strid mot menneskerettane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no