Hopp til innhold

Kongelege hestar på villtur i London - fem personar skadd

Fem personar er skadd etter at fem hestar galloperte fritt i Londons gater onsdag føremiddag, melder The Telegraph.

Hestane skal vera ein del av kong Charles sin hustropp og høyrer til det britiske millitære.

Videoar frå London viser to hestar galopperande gjennom Londons gater. Ein av hestane er dekka av noko som kan sjå ut som blod.

Ifølge The Telegraph skal hestane ha kasta ryttarane og begynt å løpa fritt då dei forlot Hyde Park under morgontrimmen. Ein soldat er blant dei skadde.

Ein av dei skal ha sprunge inn i ein «double decker»-buss, ein annan skal ha kollidert med ein drosje, skriv NTB.

Like før klokka 11 meldte ein talsperson frå det britiske millitære at det var kontroll på alle dei fem hestane og at dei var tatt med tilbake til stallen.

Blodige hestar London
Foto: AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no