Hopp til innhold

Japan gir ein million dollar til Tawain etter jordskjelv

Japan vil gi ein million dollar i naudhjelp til Taiwan etter det kraftige jordskjelvet onsdag. Det seier Japans utanriksminister Yoko Kamikawa fredag, ifølge Reuters.

Japans statsminister Fumio Kishida sa allereie onsdag at Japan skulle yte all hjelp om dei vart bedt om det. Han kalla Taiwan for Japans «viktige venn» og «nabo over havet».

Minst ni personar mista livet og over 1000 menneske vart skadd som følge av jordskjelvet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no