Hopp til innhold

Store demonstrasjonar i India

Tusenvis av menneske protesterte søndag i den indiske hovudstaden New Delhi i protest mot at fleire leiande opposisjonspolitikarar er fengsla, melder AFP.

Opposisjonen meiner India er i ferd med å bli eit autokrati under statsminister Narendra Modi.

Nesten 1 milliard indarar kan stemme under valet som startar 19. april, og går over seks veker.

Politiske observatørar trur utfallet av valet er avgjort, og at partiet til Modi vil gå sigrande ut.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no