Hopp til innhold

SV Bergen vil fjerne grensa for sjølvbestemt abort

Mens debatten går om å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 18 eller seinare, går Bergen SV inn for å fjerne heile grensa.

Bystyrerepresentant Eira Garrido er med i SVs kvinnepolitiske talsperson, og vonar å få gjennomslag i partiet før sommaren.

– Det er skal vere den gravide sitt val, om ho ønskjer å gjennomføre ein abort, og når den skal gjennførast, seier ho.

Ho meiner det handlar om kvinnehelse og å sikre reell sjølvråderett.

Forslaget fekk berre støtte av Raudt i Bergen bystyre onsdag.

– Dette er å strekke det litt langt, seier Kjersti Pettersen, gruppeleiar i Bergen Høgre.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no