Hopp til innhold

Flyr får gebyr på 235 millionar kroner for klimabrot

Konkursbuet etter flyselskapet Flyr har fått eit gebyr på 235 millionar kroner fordi selskapet ikkje leverte klimakvotar før 1. mai i fjor, skriv E24.

På det tidspunktet hadde selskapet vore konkurs i tre månader.

Bustyrar Stine Snertingdalen seier all verksemd var stoppa då selskapet gjekk konkurs, og at ein difor ikkje kunne levere inn kvotar.

Gebyret er også meld inn som eit såkalla etterprioritert krav, som vil seie at det hamnar bakarst i køen over kreditorane når midla blir fordelt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no