Hopp til innhold

Slik kan nye NRK bli

NRK har bestemt seg for bygningstype for det nye hovudkontoret som skal byggjast på Ensjø i Oslo.

Tor I. Hoel som leier arbeidet med NRKs nye hovudkontor, seier at NRK har gjort eit såkalla «konseptval».

Prosjektdirektøren fortel at dei hadde tre konsept å velja mellom: Det eine var eit høghus, det andre var atriumbygg med opning i midten og det tredje var eit bygg beståande av ein kjerne og armar ut på sida.

– Med mange forskjellige typar kriterium, har vi landa på å gå for det som blir kalla «konsentrert». Dette er eit bygg med ein sentral kjerne i midten og fløyer ut, seier han.

Han presiserer at bygget truleg ikkje vil bli sjåande ut slik som i skissa, då skissa berre illustrerer konseptet. På eit seinare tidspunkt vil arkitektar koma å forma bygget, seier han.

Grunnen til at NRK har landa på ein konsentrert bygningstype er mange, seier prosjektdirektøren.

Han peiker blant anna på samfunnsoppdraget til NRK, samhandling på tvers, tryggleik, berekraft og miljø og sosial berekraft.

– Konseptet er det som er mest retta utover og som svarar best på det å møta byen og samhandla med omgivnadane rundt, seier Hoel.

Tomta NRK kjøpte i 2021 ligg på Normannsløkka på Ensjø i Oslo. Prislappen var 800 millionar kroner og tomta er på 14 mål. Tomta på Marienlyst, der hovudkontoret til NRK ligg i dag, er på 85 mål.

Med den nye bygningstypen NRK har gått for, vil det nye hovudkontoret ikkje kunne bli høgare enn 42 meter eller ni etasjar.

– Vil det bli nok plass?

– Det vil bli nok plass, understrekar prosjektdirektøren.

Slik kan nye NRK bli. Konseptet er valt.
Illustrasjon: Rodeo Arkitekter / Nordic

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no