Hopp til innhold

SAS tapte 2,1 milliardar svenske kroner i fjerde kvartal

SAS tapte 2, 1 milliardar i det rekneskapsmessige fjerde kvartal. Det kjem fram av pressemeldinga til flyselskapet.

Til NRK seier konserndirektør Kjetil Håbjørg at resultatet ber preg av at SAS framleis er i ei omstillingsfase etter pandemien. Han peiker dessutan på dyr valuta og høge drivstoffprisar, i tillegg til at SAS er under konkursbeskyttelse i USA, ein såkalla Chapter 11-prosess.

– Me har ein prosess pågåande i USA, og me kan ikkje kostnadsføra dei forbetringane me får i Chapter 11 før me er ute av prosessen.

– Det viktigaste kriteriet for å koma ut av ein slik prosess er nye eigarar og ny kapital som kan sikra selskapet for framtida, seier han.

I starten av oktober kunngjorde selskapet at det skulle takast av børsen, og at Air France-KLM, Castlelake, Lind Invest og den danske staten går inn på eigarsida.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no