Hopp til innhold

Politiet ber jødar melda diskriminering og trakassering

Oslo politidistrikt ber jødar som vert eller har vorte utsette for diskriminering og trakassering melda dette til politiet.

Ifølgje Det mosaiske trussamfundet opplever fleire jødar i Noreg å verta påverka negativt av krigen som går føre seg mellom Israel og Hamas.

Men Oslo politidistrikt seier dei ikkje har merka at fleire meldar slike saker til politiet, og ber difor jødar som vert utsette for slike hendingar om å melda dette.

– Me følgjer med på utviklinga, og ved behov vil tiltaka våre verta justerte i tråd med situasjonen, seier stabssjef Harald Nilssen.

– Generelt har Oslo politidistrikt sett i gong ei rekke tiltak i forhold til situasjonen. Me har fokus på auka tryggleik ved samlingspunkt for norske borgarar som høyrer til den jødiske minoriteten i vårt distrikt. I tillegg har me auka fokus på tryggleik for synagogen i Oslo og har tiltak knytte til den israelske ambassaden.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no