Hopp til innhold

To alvorlige ulukker på E16

Det har laurdag ettermiddag vore to alvorlege ulukker der motorsyklar har vore involvert på E16 i Buskerud og Hedmark.

Først fekk politiet melding om at ein MC-førar hadde køyrd ut ved Kongsvinger.

Kort tid etter kom meldinga om at ein motorsykkel hadde kollidert med ein bil ved Sundvollen i Buskerud. Bilen tok fyr og er heilt utbrent.

I begge tilfella melder politiet no at ulukkene framstår som alvorlege.

I Hole var det ein vaksen og to barn i bilen som tok fyr, desse er fysisk uskadde.

Trafikkulykke ved Sundvollen i Hole
Foto: Ole Edvin Tangen

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no