Kraftig jordskjelv i Indonesia
Eit jordskjelv med ein styrke på 6,6 ramma den nordlege kysten av Java i Indonesia, melder Reuters. Ifølge indonesiske styresmakter er det ingen fare for tsunami som følge av skjelvet. Det er førebels ikkje kjent om skjelvet har gjort større skadar.