Hopp til innhold

Macron: – Demonstrasjonar stansar ikkje pensjonsreforma

Demonstrasjonane som sidan januar har funne stad i Frankrikes gater, fører ikkje til at regjeringa stansar den omstridde pensjonsreforma.

– Demonstrasjonar er normalt. Det betyr ikkje at vi kjem til å stoppe reforma, sa president Emmanuel Macron torsdag.

Reforma inneber mellom anna at pensjonsalderen blir heva frå 62 til 64 år, og at tilsette må jobbe i minst 43 år for å få full pensjon.

Tysdag var det demonstrasjonar igjen i Frankrike fordi regjeringa ikkje svarte på kravet frå fagforeiningane om å setje reforma på vent.

Fleire tek til orde for at Macron, som i fjor vart attvald til fem nye år som president, bør gå av. I ei måling gjort av Odoxa seier 70 prosent at han gjer ein dårleg jobb. (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no