Hopp til innhold

Au pair-ordninga blir lagt ned

Ordninga med au pair blir lagt ned av regjeringa, stadfestar arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

– Ordninga blir brukt for å skaffe seg billeg arbeidskraft i heimen, anten til barnepass eller husarbeid, seier Persen.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik har tidlegare kalla ordninga for vestkantslaveri, og ynskjer avskaffinga velkomen.

– Diverre har ordninga gitt oss mange døme på grov utnytting av kvinner. Eg er rett og slett letta over at det no er sett eit punktum for denne ordninga, seier Hessen Følsvik til VG.

Regjeringa skriv i ei pressemelding at dei vil legge opp til gode overgangsordningar, slik at ei avvikling ikkje går på bekostning av dei au pairane som allereie er i Noreg.

– Forslaget skal ut på høyring, slik at alle får moglegheit til å kome med synspunkt på avviklinga og korleis det skal skje, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen
Foto: ALF SIMENSEN / ALF SIMENSEN

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no