Hopp til innhold

Omstridd lov vedteken i Israel

Eit fleirtal i nasjonalforsamlinga i Israel, Knesset, har vedteke ei ny lov som avgrensar mogelegheitene for å avsette ein statsminister. Etter dette blir det berre mogeleg å erklære ein statsminister uskikka til å styre av helsemessige eller psykologiske årsaker. Avgjerda må godkjennast av tre firedelar av ministrane i regjeringa, eller statsministeren sjølv.

Den siste tida har det vore store demonstrasjonar mot denne og andre føreslåtte lover. Demonstrantane meiner lovreforma avgrensar makta til rettsvesenet og undergrev demokratiet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no