Hopp til innhold

Dårleg standard på E134 kostar liv

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygaard (Ap) har vore på synfaring på E134 i Vestland, hovudvegen som bind det sørlege Vestlandet saman med Austlandet. Vegen har stor trafikk, mellom anna godstrafikk, men fleire stader er vegen så smal at det ikkje er plass til gul midtstripe.

Det har kosta fleire menneske livet. I Etne og Vindafjord har lokalsamfunna venta på ny veg i lang tid. Allereie i 2015 var kommunedelplan for 40 kilometer med ny veg klart. Men vegen er framleis ikkje inne i Nasjonal Transportplan.

For to veker sidan døydde ei kvinne på veg til jobb.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no