Hopp til innhold

Trebarnsmora Cecilie (35) kom aldri fram då ho skulle køyra til jobb

Det sørlege Vestlandet har E134 som raskaste veg aust-vest. Likevel manglar mange mil av vegen gul midstripe. For to veker sidan døydde ei kvinne på veg til jobb.

Cecilie Hegge Gundersen omkom. Gravferd Ølen Kyrkje

OMKOM: 35 år gamle Cecilie Hegge Gundersen skulle køyra på jobb. Men ho kom aldri fram. NRK har teke bilete med tillating frå familien.

Foto: Olav Røli / NRK

Den kvite kista i Ølen kyrkje er omkransa av blomar og siste helsingar.

Dei som skal ta farvel med Cecile Hegge Gundersen (35) denne solfylte vinterdagen vert møtt av eit smilande fjes ved inngangen til kyrkjeskipet.

Midtgangen i kyrkja er dekt av blomar.

Eit raudt hjarte av raude roser står oppstilt framfor kista.

– Ho var dyktig i jobben. Ein humørspreiar som var godt likt og inkluderande.

Det fortel regiondirektør i Coop Sørvest, Trygve Vikse.

Om morgonen måndag 28. februar var trebarnsmora Cecilie Hegge Gundersen på veg frå heimen sin i Ølen i Vindafjord til jobben på Coop i Etne kommune i Vestland.

Gravferd Cecilie Hegge Gundersen. Omkom i ulukke E134.
Foto: Olav Røli / NRK

Bru frå 30-talet

For å komma dit køyrer ho E134, europavegen som bind Sørvestlandet saman med både Oslo/Viken og Vestfold og Telemark.

For fleire hundre tusen innbyggjarar i denne delen av Noreg er dette raskaste og enklaste veg aust-vest.

Vegen bind også saman kommunane Etne og Vindafjord.

Vegen er sterkt trafikkert, og teljingar frå Statens vegvesen viser at over 4.000 bilar og trailarar i snitt brukar vegen mellom dei to kommunane kvar dag.

Bru Håfoss, frå 1936

Dette er ein del av E134 i Etne kommune. Brua er frå 1936 og har berre plass til ein bil i gangen.

Foto: Olav Røli / NRK

Tal frå Statens vegvesen viser at varer for 135 milliardar kvart år vert frakta på strekninga.

Over 20 prosent av trafikken på E134 er tungtransport.

Men framleis er over 15 kilometer av vegen gjennom Etne og Vindafjord så smal at det ikkje er plass til gul midstripe.

Transportøkonomisk Institutt skriv at talet på møteulukker kan gå ned med 40 prosent om vegen får gul stripe kombinert med riller.

Samferdseleministeren fekk oppleva vegen

Denne standarden fekk samferdselsminister Jon-Ivar Nygaard (Ap) oppleva då han sist veke var på busstur langs E134 med både politikarar og næringsliv frå regionen.

Han fekk også høyra historia om Cecilie Hegge Gundersen.

– Eg har lyst å fortelja historia om Cecilie. Ei blid sørlandsdame som denne dagen køyrde på denne strekninga. Cecilie kom hit, sa Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim i bussen.

Ho fortalde og viste fram den skarpe høgresvingen som vart siste stopp for 35-åringen.

– Cecilie kom aldri heim til sine tre barn og sin mann, sa ordføraren.

Sving E134, ulukke Etne

Det var i denne svingen at Cecilie Hegge Gundersen mista livet. E134 gjennom Etne og Vindafjord har over 15 kilometer veg som er så smal at det ikkje er plass til midtstripe.

Foto: Olav Røli / NRK

Møteulukke

Kvelden etter ulukka var dei tilsette på Coop Xtra i Etne samla.

– Dette er først og fremst forferdeleg for familien. Men det er også vanskeleg og krevjande for oss i Coop og for kollegaene hennar på arbeidsplassen. Det er spesielt vanskeleg å tenkja på at ho var på veg på jobb då dette skjedde, seier Vikse i Coop Sørvest.

Jarle Grindheim, som er geografisk driftseiningsleiar for politiet i Etne og Vindafjord, fortel at det var ei møteulukke mellom personbil og eit tyngre køyretøy.

– Det var glatt på staden då ulukka skjedde. Me avventar no rapporten frå Statens vegvesen, seier han.

Cecilie Hegge Gundersen

Ølen kyrkje og båra til Cecilie Hegge Gundersen var pynta med mange blomar under gravferda.

Foto: Olav Røli / NRK

Har venta i fleire tiår

Både Etne-ordføraren og ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) i Vindafjord har venta på ny europaveg i lang tid.

Allereie i 2015 var kommunedelplan for 40 kilometer med ny veg klart. Men vegen er framleis ikkje inne i Nasjonal Transportplan.

– Dette er ikkje ein europaveg verdig, fastslår Etne-ordføraren.

– Det går diverre altfor seint, seier Vierdal frå Vindafjord.

Bårebil utanfor Ølen kyrkje

Cecile Hegge Gundersen vart gravlagd sist fredag, frå Ølen kyrkje som ligg rett ved E134.

Foto: Olav Røli / NRK

Fleire unge dødsoffer

På bussturen fekk samferdsleminister Jon-Ivar Nygaard også høyra om eit anna dødsoffer.

I august 2021 omkom 28 år gamle Helge Viken Håkull då vogntoget han køyrde velta på deler av den smale E134 i Etne kommune.

NRK har kontakta pårørande til Viken Håkull.

Dei er kjend med at NRK omtalar saka, og meiner den dårlege standarden på E134 har vore kjent for politikarane i mange tiår.

– Det gjev alltid inntrykk å høyra om dødsulukker. Me har ingen å mista, konstaterer Nygaard.

Jon-Ivar Nygaaard-busstur

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygaard (Ap) var sist veke invitert av lokale politikarar og næringsliv for å sjå på E134.

Foto: Olav Røli / NRK

Men han hadde ingen konkrete løfte å komma med til dei lokale politikarane.

– Vegen treng heilt klart ei oppgradering, men eg kan ikkje seia noko om kva tid det kan skje, seier han.

Ifølgje lokalavisa Grannar har det vore veldig mange ulukker på E134 dei siste åra.

Dei to ordførarane håpar turen som Nygaard fekk kunne vera ein augeopnar.

– Dette er ikkje berre ein transportkorridor mellom aust og vest. Men vår lokalveg som me må bruka kvar dag, seier Bergsvåg Ekrheim, som meiner nullvisjonen ikkje er oppnåeleg med den dårlege standarden.

Cecilie Hegge Gundersen (35). Omkom i kollisjon på E134 mellom Etne og Vindafjord.

Cecile Hegge Gundersen var kjent som ein humørspreiar på jobben sin i Coop.

Foto: Olav Røli / NRK