Hopp til innhold

Etterlyser vitne etter hending på fly

Politiet i Sandefjord ønsker å komme i kontakt med flypassasjerar etter at ein person oppførte seg aggressivt og skremmande mot kabinpersonalet på ei flyging frå London til Sandefjord lufthavn Torp. Hendinga skjedde 15. mars like før klokka 16. Politiet greip personen då flyet landa.

– Vi ber personar som var om bord denne flyginga, Ryanair Flight RK32 frå London Stansted til Torp Sandefjord lufthavn, og som har sett eller høyrt kva som skjedde, om å ta kontakt med politiet, opplyser Søraust politidistrikt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no