Hopp til innhold

Høgre ønsker å bruka 2 milliardar ekstra på straumstøtte til bedriftene

Høgre-leiar Erna Solberg kritiserer regjeringa si straumordning for norske bedrifter, og meiner dei burde få straumstøtte lenger inn i 2023.

Frå nyttår stoppa regjeringa straumstøtta til norske bedrifter. Prislappen enda på 2,8 milliardar. I staden for straumstøtte, har regjeringa jobba for å pressa ned prisane på fastpriskontraktar slik at dei kjem under krona per kilowatt.

– Dei fastpriskontraktane slik dei er nå, er det veldig få som har brukt. Det er skylda regelverket, og det er skylda at det er eit lite tilbod, seier Solberg til NRK.

– Me er einige med målsettinga, me trur berre ikkje at regjeringa har klart å laga dette på ein god nok måte. Me trur at utfordringa er at bedriftene har fått alt for kort tid, også dei som skal selja kontraktane.

Høgre meiner det særleg går ut over små og mellomstore bedrifter, som ikkje har produksjon eller brukar like mykje straum heile døgnet.

Høgre føreslår derfor at bedrifter som brukte meir enn 2,5 prosent av omsetninga si på straumkostnader i haust, skal få støtte på opp til 30 prosent for straumprisar over 70 øre. Dei reknar at ordninga vil kosta ytterlegare 2 milliardar.

– Det er den same modellen, men litt betre vilkår enn det regjeringa hadde før jul, seier Solberg.

På spørsmål om ein slik pengebruk er forsvarleg med tanke på den høge inflasjonen, svarer Solberg at ein ville brukt 3,4 milliardar kroner mindre med Høgre sitt alternative statsbudsjett.

– Det fører ikkje til auka inflasjon om me bruker mindre pengar totalt sett.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) meiner på si side at fastpriskontraktane begynn å gå i riktig retning.

– Eg ser at det i dag er mogleg å teikna langsiktige avtalar ned mot 69 øre. Dei kortaste kontraktane på tre år har falle under krona. Det var dette me sa kom til å skje, og då meiner eg det er uansvarleg å føreslå tiltak som slår beina under det som er hovudløysinga i møte med høge straumprisar, seier Vestre til NRK.

Han seier at både små, mellomstore og store bedrifter nå teiknar fastprisavtaler med straumselskapa, og reknar med at det vil ta seg opp framover.

– Nå er det under fire veker sidan dei første avtalane kom på marknaden. Me ser at prisane har falle ganske radikalt. Det ser også norske bedrifter, og då trur eg ein del sit og ventar til desse prisane jamnar seg ut før dei teiknar dei.

– Det viktige er at me nå gir bedriftene moglegheit til å teikna føreslege avtaler til anstendige priser dersom dei ønsker det. Så håper eg at auka konkurranse om desse kundane vil føra til at endå fleire straumselskap melder seg på og vil bidra til at me kan få endå betre vilkår, seier Vestre.

Erna Solberg i Sandefjord
Foto: Philip Hofgaard / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no