Taliban utestenger kvinner frå universiteta
Det Taliban-styrte utdanningsdepartementet i Afghanistan sa tysdag at kvinnelege studentar er stengd ute frå universiteta i landet inntil vidare beskjed, melder nyheitsbyråa Reuters og AFP.
I eit brev, bekrefta av ein talsperson for departementet, blir offentlege og private universitet instruert til å suspendera tilgangen til kvinnelege studentar umiddelbar, skriv Reuters.
Brevet var underteikna Neda Mohammad Nadeem, som er utdanningsminister.
Etter at Taliban tok over makta i landet i fjor sommar, har dei også innskrenka moglegheita for jenter til å gå på ungdoms- og vidaregåande skule. Nå får dei berre gå på skulen til dei er ferdig i sjette klasse.