Hopp til innhold

Flytrafikken aukar

Så langt i år har 33,2 millionar passasjerar reist med fly i Noreg. Det er to og ein halv gang meir enn i same periode i fjor. Men det er likevel 20 prosent lågare enn i same periode i 2019, skriv Avinor i ei pressemelding.

– Etter at trafikken tok seg kraftig opp i førre kvartal, ser vi no at flytrafikken flatar noko ut. Det har også vore utfordringar i Europa spesielt, som har bidrege til at flytrafikken ikkje er tilbake på dei nivåa han var før pandemien, seier konsernsjef Abraham Foss i Avinor.

Han peikar også på at driftskostnadane har auka, blant anna på grunna av auka straum- og drivstoffprisar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no