Oslo på topp i nasjonale prøvar
Gutane er framleis best i rekning og jentene i lesing på både 5., 8. og 9. trinn, viser resultata frå nasjonale prøvar.
På 5. trinn presterer gutane best i rekning og engelsk, medan i lesing er jentene på topp. Skilnadane har ikkje forandra seg frå i fjor, skriv Utdanningsdirektoratet.
På 8. og 9. trinn er det jamnare mellom kjønna i engelsk, men elles dei same kjønnsskilnadane.
Oslo har flest elevar som presterer på høgt nivå på alle trinn. Årets prøvar blei råka av lærarstreiken, men 90 prosent av femteklassingane og 86 prosent av åttandeklassingane har delteke.
– Det er rett og slett formidabelt. Eg er enormt imponert over at osloelevane gjer det så bra i desse prøvane etter at dei har måtte tole to år med landets strengaste smitteverntiltak, seier skulebyråd i Oslo Sunniva Holmås Eidsvoll (SV).
(NTB)