Hopp til innhold

Gissela i Peru blir sleppte fri

Urfolksgruppa som har tatt turistar til gissel i Peru seier at gissela blir sleppte fri fredag ettermiddag.

– Retten til liv og respekten for liv må sigre, seier urfolksleiaren Watson Trujuillo til radiokanalen RPP Noticias.

Gissela blei tatt for å protestere mot at styresmaktene ikkje har ytt bistand etter eit oljeutslepp i området, meldte AFP fredag. Nyheitsbyrået meldte at opp mot 150 turistar var tatt.

Turistane reiste med ein elvebåt då dei blei tatt. Blant gissela er statsborgarar frå USA, Storbritannia, Spania, Frankrike og Sveits. Det er kvinner og born blant dei tatte.

(NTB/NRK)

1ikOr-By4ww oljeutslipp Peru
Foto: AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no