Dobbelt så mykje metan over Skandinavia enn første anslag
Forskarar har oppdatert sine eigne anslag for kor mykje av klimagassen metan som har lekka ut etter eksplosjonane i Nord Stream-leidninga i Østersjøen.
Først kom forkarane med eit anslag på 40.000 tonn metan, men det nye anslaget viser at det var dobbelt så mykje – altså 80.000 tonn metan.
Utsleppa svarer til ei auke i konsentrasjonan ev metan i atmosfæren på rundt 20 prosent. Den høge konsentrasjonen av metan utgjer ikkje noko akutt fare for folk, seier ein av forskarane Stephen Matthew Platt.