«Krigsseileren» til filmfestivalen i Toronto
Den norske filmen «Krigsseileren» er einaste norske film som i år er invitert til Nord-Amerikas største filmfestival, Toronto internasjonale filmfestivall, skriv Norsk filminstitutt i ei pressemelding.
Dramaet frå regissør Gunnar Vikene får sin internasjonale premiere under festivalen den 10. september i år.
– Det er ein stor ære, seier Vikene om premieren på filmfestivalen.
Filmen er den dyraste spelefilmproduksjonen i norsk filmhistorie, med eit budsjett på rett under 110 millioner kroner.