Havarikommisjonen med kritikk av Nye Veier og Statens vegvesen
Statens vegvesen og Nye Veier har gjort ein for dårleg jobb då dei planla og bygde E18 ved Arendal. Det er konklusjonen til Statens havarikommisjon etter at dei undersøkte ei ulukke som skjedde på vegstrekninga i mai 2020.
Ulukka skjedde då føraren av eit vogntog blei køyrd på av ein privatbil. Han døydde seinare av skadane han fekk.
Vegskuldra var for smal til at heile vogntoget kunne parkere utanfor vegbanen. Føraren blei difor ståande i vegbana då han skulle feste ei lastestropp.