Hopp til innhold

Historisk låg kraftproduksjon i Sørvest-Noreg

Vasskraftproduksjonen i Sørvest-Noreg gjekk ned førre veke, og er no på eit særs lågt nivå for årstida. Det kjem fram i NVE sin vekevise kraftsituasjonsrapport.

– Kraftproduksjonen i Sørvest-Noreg var historisk lav i førre veke. Dette er det lågaste nivået vi har sett for denne landsdelen i veke 31 på 10 år, seier direktør i NVE, Inga Nordberg i ei pressemelding.

Den reduserte kraftproduksjonen sør i landet bidrog til høgare nettoimport i veka som gjekk.

For andre veke på rad var sørlege Noreg nettoimportørar av kraft, noko som er unormalt for denne tida av året. Nettoeksporten frå sørlege Noreg (prisområda NO1, NO2 og NO5) har så langt i år vore på 1,6 TWh, som er den nest lågaste dei siste ti åra.

Lav vannstand i Stegarosfjorden
Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no