Hopp til innhold

Finn.no stoppar vidaresal av Karpe-billetter

Finn.no har stoppa vidaresal av billetter til rapduoen Karpe sine utsolgte konsertar i Oslo Spektrum.

– Det er ganske vanleg at me stoppar salet av arrangement som blir utselt, seier leiar for forbrukertryggleik i Finn, Geir Petter Gjefsen til NRK.

Han fortel at årsaka til dette, er at dei tidlegare har sett eit stort omfang av både svindel og brot på svartebørslova, der folk har selt billetter til ein høgare pris enn opprinneleg.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no