Hopp til innhold

«Shogun»-skodespelar er død

Den japanske skodespelaren Shimada Yoko er død, 69 år gammal, melder Variety. Ho fekk ein Golden Globe for rolla som Mariko i miniserien «Shogun» der ho spelte mot Richard Chamberlain. Rolla var ein av få engelskspråklege roller ho hadde. Serien blei laga i 1980, og blei sendt på NRK sommaren 1984.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no