Hopp til innhold

Dansk politi stadfestar: Fleire råka av skot

Københavns politi stadfestar at det har vore losna skot på kjøpesenteret og at fleire er råka.

Dei ber folk inne på kjøpesenteret om å vente på politiet. Andre blir bedne om å dra bort frå staden.

Københavns politi er på kjøpesenteret med stort mannskap. Vegane rundt skal vere avsperra.

Kjøpesenteret ligg like ved Kastrup flyplass og konsertarenaen Royal Arena.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no