Aleksander Matland (35) omkom i fallulykka i Kvinnherad
Det var den 35 år gamle Aleksander Matland frå Bergen som vart funnen omkomen ved Andersfjellet i Rosendal måndag 27. juni.
Politiet frigir namnet på den omkomne i samråd med pårørande.
Matland kom ikkje heim til avtalt tid søndag kveld, og vart meldt sakna. Han var på tur mellom Melderskin og Malmangernuten i Kvinnherad. Etter leiteaksjon natt til måndag, vart han funnen i fjellsida klokka 07:00.