Hopp til innhold

Tusenvis har møtt opp på Rådhusplassen

Fleire tusen menneske har trassa politiets råd og møtt opp på Rådhusplassen i Oslo måndag kveld.

Opphavleg skulle ei rekke organisasjonar halde ei markering der etter skytinga i Oslo natt til laurdag, der to personar blei drepne. Arrangementet blei avlyst etter at politiet anbefalte det. Dei råda også folk til å ikkje møte opp på grunn av eit usikkert trusselbilde.

Bilde frå staden viser mange folk med pride-flagg og plakatar. Enkelte held også talar og appellar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no