Hopp til innhold

Opnar tilsynssak etter dødsfall på sjukeheim i Trøndelag

Statsforvaltaren i Trøndelag har opna tilsynssak etter at ein mann døydde ved Klæbu helse- og omsorgssenter i mars i år. Det skjedde tre veker etter at han vart flytta dit.

Det er pårørande som har sendt inn klagen. Dei meiner pasienten svelta og tørsta i hel, og blei utsett for «grov offentleg omsorgssvikt».

– Dette tek vi på største alvor, og vi kjem til å gå inn i alle opplysningane som blir lagt fram. Vi samarbeider tett med statsforvaltaren om å få opplyst saka, og få god innsikt og kunnskap om hendingsgangen, seier helse- og velferdsdirektør Wenche Dehli i Trondheim kommune til NRK.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no