Hopp til innhold

Person lauslaten etter funn av død person i Orkland

Politiet fekk ei melding om at ein person vart funnen død i Orkland kommune i dag.

Ein person blei pågripen og sikta for grov kroppsskade, men siktinga er no tatt vekk og personen er sleppt fri.

– Dei tekniske undersøkingane av avdøde førte til kraftig svekka mistanke om at det var skjedd ei straffbar handling. Den sikta vart difor lauslaten, skriv politiet i ei pressemelding.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no