100 døde etter eksplosjon i ulovleg oljeraffineri i Nigeria
100 personar døde i ein eksplosjon frå eit ulovleg oljeraffineri i delstaten Rivers i Nigeria. Det melder ein talsperson for lokale myndigheiter og NGO Youths and Environmental Advocacy Centre, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Statens kommissær for petroleumsressursar, Goodluck Opiah, seier at dei 100 personane vart så brent at det ikkje går an å kjenne dei att.