Hopp til innhold

To banktilsette sikta for grov korrupsjon og bedrageri

Tre menn er i dag varetektsfengsla i fire veker for grov korrupsjon og grovt bedrageri, melder VG. To av mennene er tilsett i ein bank.

Politiadvokat Jørn Johannessen Lyche i Øst politidistrikt, opplyser til VG at dei sikta er i 20- og 30- årsalderen. Ifølge politiadvokaten skal dei banktilsette ha gjeve feil opplysningar om inntekts- og formueforhald i lånesøknadar dei behandla for sin arbeidsgivar, og motteke pengar for å gjera dette.

– Politiet meiner dette har ført til at banken har gjeve lån som elles ikkje ville blitt gjeve, seier Lyche til VG. Ifølge Lyche meiner politiet at banken har utbetalt lån på feil grunnlag for over ti millionar kroner.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no