Hopp til innhold

Fleire døydde i 2021

Talet på døde i Noreg har sidan 2015 lege stabilt på rundt 40.700, men i fjor døydde det 42.002 personar – 1391 fleire enn i 2020, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Auken var størst blant kvinner, der om lag 850 fleire døydde enn i 2020.

– Det er viktig å hugsa at vi i 2020 hadde få dødstal sett i lys at vi var midt i ein pandemi. Difor er det ikkje så uventa at det døydde litt fleire i 2021, seier demograf i SSB Ane Tømmerås.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no