Hopp til innhold

MDG går mot domstolsreversering

MDG varslar at dei ikkje vil støtte ei full reversering av domstolsreformen.

– Vi tek på alvor alle innspela som seier at dette vil vere negativt for rettstryggleiken og at ei reversering vil forseinke arbeidet i domstolane, seier nestleiar Arild Hermstad til NRK.

Den førre regjeringa reduserte talet på sjølvstendige tingrettar frå 60 til 23. Ap/SP-regjeringa går inn for å gjenopne 60 sjølvstendige tingrettar, med mindre det er semje mellom tilsette, domstol og kommunar innanfor ein av dei 23 rettskretsane om å bevare den nye strukturen.

– For meg verkar det som ei reversering for reverseringa si skuld og har mykje preg av symbolpolitikk, seier Hermstad.

Frå før har SV varsla at dei er skeptiske til full reversering. Regjeringa har med dette ikkje fleirtal, per no, for å gjennomføre full reversering.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no