Hopp til innhold

Trur nokon sette inn skarpe skot

Våpenansvarleg på filmsettet der Halyna Hutchins vart skoten og drepen, mistenkjer at nokon sette inn skarp ammunisjon i våpenet som Alec Baldwin fyrte av.

– Kven gjorde det og kvifor, er det sentrale spørsmålet. Ingen kunne ha føresett eller trudd at nokon ville bringe skarp ammunisjon på settet, seier våpenansvarlege Hannah Gutierrez Reed i ei fråsegn som advokaten hennar Jason Bowles har gitt ut.

Vidare heiter det at Reed gjennomførte våpentrening med skodespelarane, inkludert Alec Baldwin, og at ho regelmessig understreka at ein aldri skal rette våpenet mot personar.

Reed undersøkte ammunisjonen i våpenet før ho gav våpenet til innspelingsleiar David Halls, ifølgje uttalen.

Politiet har funne 500 skot på settet – ei blanding av lauspatroner, rekvisittpatroner og skarp ammunisjon.

(NTB)

Prop Firearm Armorer
Foto: Jae C. Hong / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no