Hopp til innhold

Filippinane opphevar portforbod

Etter over eit og eit halvt år med portforbod på kveldstid i Manila blir dette oppheva, blant anna for at butikkane skal kunna utvida opningstidene sine til førjulshandelen.

Portforbodet blei innført i mars 2020 som ein del av fleire koronarestriksjonar. Det vara då i ni timar, men har sidan blitt korta ned fleire gonger. Det noverande portforbodet vara frå midnatt til klokka 4 om morgonen.

Ifølgje helsemyndigheitene går smittetala no ned då fleire blir vaksinerte. Talet på nye tilfelle onsdag var det lågaste på ni månadar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no