Hopp til innhold

Manglar kontanttenester

I 20 kommunar er det korkje minibank, bank i butikk eller bankfilial. Det er umogleg å gjere bankinnskot der, og det kan vere lovstridig, ifølge Finanstilsynet.

Alle kommunane hadde desse tilboda på plass i 2018, men dei er no borte, viser ei oversikt frå Finanstilsynet, ifølgje P4.

I desse kommunane er det no berre mogleg å ta ut kontantar over disken når ein handlar i daglegvarebutikkane. Der er maksgrensa på 1.500-2.000 kroner, og ein kan ikkje få sett inn pengar på bankkontoen sin.

Dette kan vere i strid med lova, meiner avdelingsdirektør Per Mathis Kongsrud i Finanstilsynet.

– Sidan stadig færre bruker kontanttenester, opplever vi at fleire bankar meiner dei ikkje har ei plikt til å tilby dette. Det inntrykket vil vi endre på, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no