Bistandsadvokat: – Dette er grufullt
Astrid Røkeberg, bistandsadvokat for dei pårørande og etterlatne etter drapa på Kongsberg, seier det som har skjedd er grufullt.
– Dette er heilt grufullt, og aller verst for dei næraste og dei pårørande, seier advokaten til Drammens Tidende.
– Eg assisterer dei etterlatne med å følgje saka. Eg skal gjennomgå dokument og etterforsking, samt ved fremming av erstatningskrav. Dei kan også kontakte meg om dei lurar på noko, seier Røkeberg.