150 drepne i Jemen
Fleire enn 150 houthi-krigarar er drepne i Jemen torsdag, skriv nyheitsbyrået AFP. Dei drepne skal vere jemenittiske opprørarar, melder nyheitsbyrået.
Koalisjonen leia av Saudi-Arabia seier det er dei som har drepe opprørarane. Torsdag var fjerde dag på rad det vart gjennomført luftangrep mot houthiane.
Opprørarane har støtte frå Iran, og har prøvd å ta byen Marib i fleire dagar.